![]() |
|
|
| Informasjon om løyveordninga |
Drosjeløyve:
Drosjeløyve gjev innehavaren rett til å drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert
for opptil åtte personar i tillegg til sjåføren.
Rutetransport:
For rutetransport av personar med motorvogn eller fartøy
krevst eige ruteløyve. Slike løyve går ikkje fram av oversikta.
Nummerering av løyve
Det er utarbeidd ein landsdekkande nummerserie for løyve.
Løyvenummeret til dømes 12 03 123456 er sett saman slik at dei to første siffera 12 er fylkesnummer, dei to neste 03 er løyvetype og dei siste siffera er løpenummer for løyve.
Dei to første siffera viser til fylkeskommune
01 Østfold
02 Akershus
03 Oslo
04 Innlandet (tidl. Hedmark)
05 Innlandet (tidl. Oppland)
06 Buskerud
07 Vestfold
08 Telemark
09 Agder (tidl. Aust-Agder)
10 Agder (tidl. Vest-Agder)
11 Rogaland
12 Vestland (tidl. Hordaland)
14 Vestland (tidl. Sogn og Fjordane)
15 Møre og Romsdal
18 Nordland
19 Troms
20 Finnmark
30 Tidl. Viken
31 Østfold
32 Akershus
33 Buskerud
34 Innlandet
38 Tidl. Vestfold og Telemark
39 Vestfold
41 Telemark
42 Agder
46 Vestland
50 Trøndelag
54 Tidl. Troms og Finnmark
55 Troms
56 Finnmark
Dei to neste siffera viser til løyvetype, der
03 er drosjeløyve
06 er ruteløyve med motorvogn
07 er ruteløyve med fartøy.
Dei siste siffera er løpenummer for løyve.
For drosje går løpenummeret fram av takskiltet og på sida av drosjen.
For meir informasjon om løyveordningane sjå Samferdselsdepartementet sine heimesider, eller ta kontakt med den næraste fylkeskommunen/Oslo kommune.
(lenker).
|